Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Helsing frå Mbulu 1

Utgave 4, 2021.


Mine kjære søsken! Først av alt takkar me den allmektige Gud for den godleik Han syner oss kvar dag ved si rike velsigning. ILCT sin innsats for iraqwfolket i Mbulu gjev frukter: Lærarane jobbar hardt, og på ni månader får elevane gode resultat i lesing, skriving og rekning. I tillegg blir dei undervist i grønsakdyrking, som gjev både mat og inntekter. Første staden ILCT hadde klassar var i Mama- Isara, Daudi og Datla/a. Nå har denne undervisninga spreidd seg til landsbyar i Dongobesh området, som Bashay, Dongobesh og Tumati, og i tillegg også til Bashnet, som ligg i Babati området. Dette er eit stort steg for ILCT!

Dei som har fått denne undervisninga, gler seg over at dei har sett lyset. For tida er det tydeleg at elevane likar denne opplæringa.

Dei som gjennomfører kurset får vitnemål og bibel, og det er til stor glede. Ein dag var eg så heldig å få vera med på avslutningsfesten i Tumati, og eg kan seia for sikkert at dei gledde seg over å få denne utdanninga. Slik er ILCT lampe og lys for folk i Mbulu og delar av Babati. Lærarane og elevane sender takk til Frøydis fordi ho kom med denne opplæringa til iraqwfolket. Må Gud velsigna hennar liv og gi henne styrke!

For det andre går takken til leiarane våre: Nora, formann Goroi, Nicodemu og Agnes, for fine planar for å fortsetja undervisninga for analfabetar. For det tredje takkar me lærarane som underviste tidlegare, og dei som underviser nå. Med respekt og ærefrykt takkar me også dei som hjelper oss med pengar og utstyr!

For alt som er oppnådd, må Gud rikt velsigna leiarane våre!

Jer. 33,3:«Rop på meg, så vil eg svara deg og fortelja deg store, uskjønelege ting som du ikkje kjenner til.»


Skrive av: Aloice Amnaay, omsett av Kjellfrid Eggebø