Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Lærardag-vitjing på internett.

Utgave 4, 2022.


I dag var Frøydis, Nora og eg med lærarane våre i Mbulu over internett. Me såg og høyrde einannan. Det var stor glede over å sjå att Frøydis og Nora, sidan dei hadde vore sjuke med korona m.m. og ikkje hadde vore med på ei stund. Gleda var på begge sider. Frøydis snakka om gleda over å få vera saman med dei på denne måten. Ho snakka om gleda ved å vera saman med Gud. Me blir verna av Gud. Me får tala med han. Gud let seg ikkje beseire. Nora delte 1. Kongebok 2,3 med oss. «Hald bodet til Herren din Gud! Gå på hans vegar og hald deg til hans forskrifter, bod, lover og påbod, slik det er skrive i Moselova. Då skal du gå visleg fram i alt du gjer, og kvar så du vender deg.» Må Gud leia oss i smått og stort og la oss skjøna kva me skal gjera!

Eg delte frå møtet kvelden før, der teksten var om den bortkomne sonen. Mest vart det understreka korleis faren var. Faren speida etter sonen, sprang han i møte, omfamna han. Han høyrde på bøna om tilgjeving, men ga ikkje rom for bøna om å vera tenar. Sonen fekk vera son, fekk dei beste klede, mat, ring og fest. For ein far! For ein Gud me har! Denne kjærleiken gjeld oss alle og alle rundt oss. Lærarane kjem til Mbulu siste fredag kvar månad for å gi rapport om arbeidet, få nytt materiell, få lønn og meir undervisning og oppmuntring. Agnes har då ein svært krevjande dag, men får hjelp av dei andre. Denne fredagen vart det ikkje noko vanleg undervisning frå oss i Norge. Men sist eg var med hadde eg funne eit bilete av Frøydis frå Mama Isara, frå den gongen ho kom på besøk og ville testa om dei kunne lesa. Ho viste ein plakat, alle skulle vera stille, og så skulle elevane gjera det dei las. «Ta den store banana», stod det på iraqw. Agnes har nok også brukt metoden i si undervisning, men nå fekk dei sjå bilete og vart minna om ideen. Ein ordre blir altså skrive på tavla med kritt, og slik får ein testa om det blir forstått.

Det er fint å få vera med lærarane og dei tilsette i Mbulu på denne måten. Dei treng vår forbøn, råd og oppmuntring. Og me treng å sjå dei og bli oppmuntra av det dei gjer. Me treng å stå saman!


Skrive av: Kjellfrid Eggebø