Jesu namn vere lova! Me har det bra, og me takkar Gud for at arbeidet går godt både med lese- og skriveopplæringa (Basic), med 3-dagarsseminara (Traditional) og med barnehagen. Me er så takknemlege for at Frøydis sitt gode arbeid kan halda fram og veksa, til stor glede for iraqwfolket. Det som er spesielt i inneverande år, er at arbeidet har nådd til Haydom sokn. Der har eg allereie gjennomført seminaret fire stader for i alt 200 personar. Mange prestar og evangelistar har teke kontakt og vil gjerne ha seminar i kyrkjene sine.
Eksamen 26.okt.-22 i TAG Endesh
Hjarteleg takk til alle som støtta oss slik at bil-problemet vart løyst! Den nye bilen, ein Hilux, er teken i bruk, og den er til stor lette og hjelp i arbeidet vårt. Må Gud velsigna dykk rikeleg med sin nåde! Me ber for Frøydis og Nora at Gud gir dei styrke til det store arbeidet dei gjer. I tillegg til gleder og det som har lukkast, vil me også dela nokre utfordringar med dykk: I Tanzania har prisane auka, ja, nesten fordobla seg i løpet av dei to siste åra. Eksempel: Ein bunke skrivepapir kosta 12.000 shilling tidlegare, men nå er prisen 20.000 sh. 1 kg sukker kosta 2000 sh. før, nå 2800 sh. Ris kosta 1500 sh., nå 3000 sh. pr.kg. Prisen på drivstoff har også auka svært mykje. Så me ber dykk om å ha oss i tankane fortsatt, særleg nå når me har starta arbeidet i Haydom sokn. Det er svært langt dit, og nokre stader er det vanskeleg å komma til på grunn av elendige vegar. Eit anna ynskje er å få fleire disser (husker) til barna i barnehagen. Det me har er lite til 60 barn. Me sender dykk våre beste helsingar frå Mbulu. Hjarteleg takk for all støtte, og Gud velsigne dykk!
1.Kor.7,17: «Difor skal kvar og ein leva livet sitt der Herren har sett han, så som Gud har kalla kvar einskild.»