Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Landsbyen og utstasjonen Anna Strøm Qaqa.

Utgave 2, 2017.


Mama Anna Strøm var den fyrste evangelisten. Ho byrja å preika og undervisa i Guds Ord i området Qaqa, under eit Acacia tre, ved utstasjonen Qaqa, I dag er det menigheten Qaloda, i Dongobesh Prosti.

Ho starta dette arbeidet truleg i 1950-1954. Sidan bygde kyrkja skule i Qaloda og kyrkjelyden flytta til Qaloda. Seinare då kyrkja i Qaqa blei bygd, mintest dei kristne Mama Anna Strøm. Difor blei denne kyrkja kalla til ære for henne «Mama Anna Strøm –Qaqa». I dag har denne kyrkja over 80 vaksne kristne og meir enn 200 barn.

Vi takkar Anna Strøm som sådde Guds Ord på denne utstasjonen. Arbeidet som begynte på utstasjonen til Mama Anna Strøm har utvikla seg til stormenigheten Qaloda. Denne menigheten har nå 546 voksne medlemmer og meir enn 800 barn. Ver med å be for dette arbeidet, at Gud må la arbeidet sitt veksa!

ILCT TB starta leseklasse i denne kyrkja 9.01.2017, og til no har vi to klassar.

Ein spesiell ting er at vi har to elevar frå andre område, langt vekke. Den eine eleven er Isaya, som kjem frå Maretadu i Haydom Prosti. Han bestemt seg for å reisa frå familien sin for å bu nærare skulen. Han har leigt eit rom for å vere nærmare skulen. Han bur 40 km. Frå skulen og han er forkynnar.

Den andre spesielle eleven er Samweli Kwa/angw. Han er ein ungdom som er delvis fysisk utviklingshemma, men han har veldig lyst til å læra lesa og skriva. Han har kome den lange vegen frå Difri i Ufana menighet. No bur han hos ein av dei eldste i menigheten i Qaloda.

1. Eg takka Gud for denne døra som no er opna for å hjelpa dei som ikkje kan lesa og skriva her i vår menighet, i Qaloda.

2. Eg takkar veldig ILCT folket og alle andre som hjelper til og som ber for dette gode arbeidet.

3. Kunnskap er lys, og ved hjelp av kunnskap vil folk lesa Guds ord. Og Guds Ord er lys i deira liv. Når dei får dette lyset, vil dei leva eit betre liv og få evig liv.

Til slutt vil eg takka spesielt for dette gode arbeidet. Tap ikkje motet! Gud vil gje dykk dykkar del i himmelen.


Skrive av: Justo Simon Madangi Sokneprest i Qaloda,