Markus 2, 5
I ein draum synte ein Herrens engel seg for Josef og sa: «Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne er av Den Heilage Ande.
Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira». Matt. 1, 20-21.
For Gud var det svært viktig at frelsaren som skulle koma til jord, fekk det rette namnet, JESUS. Både Maria og Josef fekk same helsinga gjennom englane. Jesus var veldig bevisst på kva oppgåve han hadde her på jorda. Markus 2,1-12. Han hadde kalla dei fyrste læresveinane sine og var klar for å møta folket, forkynna for dei og gjera under. I møte med den lamme mannen og berarane hans står det så fint om Jesus, at då han såg trua deira, sa han til mannen på båra: «Son, syndene dine er tilgjevne.» Her kan me seie både son og dotter. Smak litt på desse orda: Son, dotter, syndene dine er tilgjevne! Berarane visste om Jesus, kor han budde, kva han forkynte og at han lækte sjuke. Dei bar den lamme mannen til ‘nådens- og barmhjertighetens hus’. Det nytta å bera han til Jesus. Det same gjeld i dag. Tenk, for nokre herlege oppgåver me har som berarar, forbedarar og tenarar i Guds rike. Det nyttar, Jesus er her, han ser og høyrer. Han svarar i si tid. Så skal me både få vera berarar og samtidig få ta imot dei herlege orda frå Jesus til oss i dag: Son, dotter, syndene dine er tilgjevne! Lat oss med lovsong og takk gå inn i nådens- og barmhjertighetens hus og møta Jesus! Haldis Totland Reigstad har eit flott dikt om dette:
Barmhjertighetens hus
Barmhjertighetens hus, der kongetronen står,
der Jesu Kristi kjærlighet i alt og alle rår,
til denne gledens bolig må hver synder finne frem.
I mørket stråler lyset som skal vise veien hjem.
Det er vår store nød at mange ikke vet
om dette hjemmet som av Gud blir kalt: Barmhjertighet.
Vår oppgave i verden er å være lys og salt.
De hjemløse må selv få se at gjelden er betalt.
På veien der vi går, vi møter verdens nød.
Vi møter alle dem som er på vei mot evig død.
Der finner vi de ensomme, hvis drømmer falt i grus.
Stans opp og vis dem veien til Barmhjertighetens hus.