Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Forma og planlagt

Utgave 3, 2024.


I Jeremia 1,3 kan vi sjå at Gud hadde ein langsiktig plan for vårt liv i teneste for han. Difor forma han oss så vi skulle passe som «hand i hanske» til det som skulle bli vår oppgåve. Forunderleg er det å sjå kva Gud etla oss til frå før vi var fødde.

Frøydis Nordbustad fekk ei evne til å høyre og oppfatte alle lydane i musikken og språket.

Øyro vart opptrent til å skilje små nyansar i lydbiletet gjennom notelære og ymse instrument; fele, orgel, trekkspel og mandolin. Og slik vart ho førebudd til å kunne skrive ned lydane i eit lydalfabet, slik at ho etterpå kunne alfabetisere lydane og omgjere dei til bokstavar og ord. Då det var gjort, kunne Bibelen omsetjast, ord for ord, til heile Bibelen var omsett til eit skriftspråk iraqwfolket forstod.

Det kan bli mykje mistyding, som gjer at bodskapen ikkje når fram. Ein prest gav oss eit døme på det. Etter å ha vitja ein gamal fiskar som låg for døden, fortalde han dette frå samtalen: «Når du kjem heim til himmelen, kan handa di kvila og falla til ro». «Gud hjelpe meg, må eg ro der òg?!»

Skal bodskapen nå fram, må både skrivemåten og uttalen vere korrekt. Gud planla Frøydis si livsoppgåve før ho var fødd, og slik planla han di og mi oppgåve også, før vi var fødde. Er du viljug til å stå i oppgåva Gud planla for deg?

Vi gler oss til å sjå deg på Helgatun!


Skrive av: Nora Klungseth