Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

September-brev frå Agnes

Utgave 5, 2025.


Eg helsar dykk kjære i Jesu Kristi namn og takkar dykk for at de hugsar på oss i bønn. Gud har vore med oss på kvar einaste reise. Me har kjent glede på turane våre for å avhalde eksamen og ved avslutning og utdeling av vitnemål.

På kvar klasseavslutning ser me gode resultat. Elevane på alle stadene frydar seg når dei får vitnemålet sitt. I mange songar takkar dei ho som starta dette prosjektet, /Awaakí, altså Frøydis. Dei ber Gud gi henne mange år og at lønna i himmelen blir stor og glederik.

Gleda er utruleg stor hos alle som har fått læra å lesa, skriva og rekna. I tillegg til elevanes takksemd, opplever vi òg glede frå gjester som kjem for å vera med på utdeling av vitnemål. Dei høyrer songane med takk til Frøydis, og dei uttrykker ønske om å få slik undervisning til sine stader.

Me har ikkje nådd så mange område i Haydom prosti ennå. Dei høyrer om vaksenopplæring og ser folk som ikkje kunne lesa få vitnemål etter ni månader undervisning. Ein som kom frå Singida sa at også der var det mange av iraqw-stammen som trong å læra å lesa. Landsbysjefen i Muslur ønska at arbeidet vårt skulle fortsetja. Det er eit veldig godt arbeid, og det har vore til stor hjelp for familiane, sa han. Viss alle i ein landsby får utdanning, gjer det arbeidet for leiarane lettare. Då han høyrde at det er undervisning to stader i fylket hans, vart han svært glad. Han sende gratulasjon til Frøydis for opplegget og ønska at Gud ville ta vare på henne og gi henne ein god alderdom med mykje glede.

Me møtte også ein prest som kom frå Haydom, nær Singida, og han ville me skulle ha undervisning hos dei. I alle fall bad dei om å få tredagars-kurset, slik at nokon kunne lesa iraqw der også. Ein evangelist frå Haydom-området fortalde at nå kunne dei lesa frå salmane i gudstenesta, for nå hadde dei bibel og nokon som kunne lesa den. Han sa at Guds Ord ville nå folket fordi det er på deira språk. Det er også veldig godt skrive, og dei eldre forstår mykje meir enn på swahili. Denne evangelisten sa at mange gonger fekk dei problem når dei skulle omsetja til iraqw frå swahili. Nå har Gud hjelpt oss, sa han. Me kan lesa frå Bibelen! Èin kan lesa på swahili og ein annan på iraqw. Det blir til glede for alle, og bodskapen når kvar og ein slik det trengst.

Han helsar oss med Jes. 59,21 og 58,11.

Eg starta ein klasse i den landsbyen der denne evangelisten arbeider. Mange unge menn der kan ikkje lesa og skriva. Nå har det allereie auka til to klassar, og der er også nokre kvinner med. Evangelisten fortset å oppmuntra desse elevane med ordet frå Ordspråka 4,13: «Hald alltid fast på det du har lært, ta vare på det, for det er ditt liv.»

Helsing


Skrive av: Agnes Philipo, omsett av Kjellfrid Eggebø