Utsagnet kom frå ei dame eg var saman med på Sandom retreatsenter for mange år sidan. Og det er omtrent det einaste eg hugsar frå den retreaten. Har tenkt på det av og til ...
I den seinare tid har temaet dukka opp att. Det er avgjerande at vi får kvila i det, at vi har identiteten vår der,
«i Kristus»!
Vi er opptatt med så mange ting, og utan at vi tenkjer på det har vi gjerne begynt å tru at det vi får til i livet er identiteten vår. I kyrkjelyden er vi aktive, omsorgsfulle, tenkjer på dei andre, alt vi skulle gjort, andaktane vi skulle hatt, besøka vi skulle tatt, i det heile bruka gåvene vi har fått. Eller praktiske ting vi var flinke til, eller hagen, eller kva som helst. Og dette tenkjer vi definerer oss ...
og, på ein måte gjer det det.
Så kjem dagen eller tida då alt dette i ein kortare eller lengre periode av livet vert teke frå oss. Det kan opplevast som at vi er sett til side, og det gjer vondt! Vi strevar med å finna identiteten vår att.
Som ei sa:
«Kven er eg no?»
Menneskeleg sett er vi den vi er og slik som vi har det akkurat no. Ikkje den vi var, eller blir etterpå. For vi vert aldri den vi var, noko nytt har skjedd!
Men, stillinga vår «i Kristus» er konstant. Og der ligg vår djupaste identitet. Eg er «i Kristus» uansett!
Eg høyrde for litt sidan ei som definerte seg slik då ho fekk spørsmål frå ein reportar om kven ho var, og om ho kunne seie litt om seg sjølv: «Eg er først og fremst Guds barn.» Og så kom det andre etterpå. Eg trur det gjer godt for oss som er Guds born å minna oss om den djupaste og uforanderlege identiteten vår:
Eg er «i Kristus»
Eg er Guds barn
Eg er Guds dotter/son
Jesus er min bror
Eg har Gud til Far
Eg er fullkomen «i Kristus»
Efesarbrevet fortel oss kven vi er. Les gjerne heile kap.1. Eg siterer v. 4-6:
« I Kristus valde han oss ut før verda vart grunnlagd, til å stå for hans andlet, heilage og utan feil.
I kjærleik og etter sin eigen gode vilje avgjorde han på førehand at vi skulle få rett til å vera hans born ved Jesus Kristus, til lov og pris for hans herlegdom og nåde, som han så rikeleg gav oss i han som han elskar så høgt.»