Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Kort historie om misjonær Frøydis Nordbustad sitt arbeid i Mbulu bispedømme.

Utgave 3, 2026.


Presten Yohana D. Baha fortel, i samtale med Agnes Philipo og Nicodemu Ammi.

Del 2.

Oppstarten av ILCT, Iraqw Language and Culture Trust (Iraqw språk- og kulturstifting)

Etter at lærar Frøydis vart ferdig med omsetjinga av Bibelen, vart den innvia på Wa/ama bibelskule i 2004.

Mange leiarar frå staten hadde møtt opp, og statsminister Fredrick T. Sumaye var æresgjest. Eitt år seinare kom Frøydis fram til at dei måtte starta noko dei kalla ILCT. Til dette fekk ho god hjelp av Nora Klungseth. Dei leita etter ein plass dei kunne byggja eit senter, og dei lukkast i å finna staden og starta bygging med ein gong. Då bygget var ferdig, vart det innvigd med fylkesordførar Francis Izack som æresgjest. Koret Umoja frå /Antsi song på denne festen.

Planen for ILCT sitt arbeid.

Då arbeidet kom i gang, gjekk ein fram etter fylgjande mønster:

Første dag om kvelden vart folk i ein landsby inviterte til å sjå Jesus-filmen, der alle snakkar iraqw. Dei neste tre dagane fekk lesekunnige lese- og skriveundervisning i iraqw-språket. Etter endt kurs fekk dei vitnemål, og dei flinkaste vart valde til hjelpelærarar for det ni månader lange lesekurset for analfabetar etterpå.

Lærar Frøydis fekk høve til å undervisa lærarar i eit heilt år; i det såkalla Teachers’ Training Program (Lærartreningskurset). Lærarstudentane hadde ei vekes undervisning i Mbulu, og neste veke underviste dei sjølve i ein klasse nær der dei budde.

Slik veksla det gjennom året. Frøydis begynte med lærarkurs i 2008 og heldt 5 kurs fram til mars 2021. Undervisning av dei som ikkje kan lesa, skriva og rekna har halde fram i mange år. Frå 2006 til 2016 føregjekk det i Mamaisara, Daudi og i Datla/a, og frå 2017 til 2026 har det vore i Dongobesh- og Haydomområda.


Me ynskjer Guds rike signing over alle som har arbeidd ihuga for ILCT frå oppstarten og til nå! Det har blitt til hjelp for mange menneske. Må dei som har fått biblar etter endt undervisning fortsetja å lesa Guds Ord på sitt språk og forstå stadig meir!

Personleg takkar eg Gud for at han valde ut misjonær og lærar Frøydis. Gud må ha sett for lenge sidan kor viktig hennar teneste ville bli for arbeidet i Mbulu bispedømme. Me takkar også Norsk Luthersk Misjonssamband som sende denne tenaren til å arbeida her!

Det er ingen som tidlegare har ofra seg i den grad at dei har reist ut til landsbyar for å bu og leva i lag med dei kristne jentene våre. Takken går òg til dei som tok imot henne i landsbyane. Me takkar Gud for at han bevarte Frøydis då ho åt maten til iraqwfolket utan Yohana D. Baha å få problem, mat ho aldri hadde smakt før. Og takk til Gud for oppstarten av ILCT.

Mange takk til Bibelselskapet i Tanzania og i Norge for at dei trykte iraqw-bibelen, første og andre utgåva!

Me gratulerer og takkar alle som støttar ILCT. Og me hugsar Nora som leia arbeidet. Når den tid kjem at Gud kallar Frøydis heim frå dette livet, ber eg om at den som skal representera Mbulu i gravferda, må forstå kor viktig det er det ho har gjort for Gud i Mbulu bispedømme.

Eg ynskjer Frøydis ein god alderdom og Guds vern vidare, slik han har verna henne i hennar teneste!

Bilde 3: Yohana D. Baha


Skrive av: Yohana D. Baha, Agnes Philipo og Nicodemu Ammi