Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Kjære våre norske søsken i Jesus!

Utgave 3, 2026.


Eg gler meg over å få komma med ei helsing etter det fine opphaldet kona mi, Neema, og eg hadde i Norge i august 2025. Det var ein fin tur for å besøkja venner av Tanzania, spesielt dei som har arbeidd for Guds sak i Mbulu og dei som støttar arbeidet for iraqw språk og kultur i Tanzania. Hjarteleg takk for viljen til å fremma Guds rikes arbeid, slik at mange skal få læra Gud å kjenna gjennom arbeidet, bønene og gåvene dykkar.

Må Gud velsigna alle!

Eg har nå gått av som biskop i Den Lutherske Kyrkja etter å ha arbeidd der i 24 år; 12 år som visebiskop og 12 år som biskop. Nå har eg fått i oppgåve å vera formann i styret for ILCT Tanzania. Eg forstår at det var Frøydis og Nora som starta dette arbeidet her i Mbulu. Oppgåva og intensjonen deira var å læra iraqwfolket å lesa og skriva, så dei vart i stand til å lesa Bibelen på sitt eige språk. Oppgåva til ILCT Norge og ILCT Tanzania er å leia og vidareføra dette arbeidet til Frøydis og Nora. Me i ILCT Tanzania leier arbeidet med iver, og me ber også søskena våre i ILCT Norge om hjelp via pengar og bønn.

Arbeidet er stort og det veks kvar dag. Folk har trong til å læra å lesa og skriva, dei ynskjer å lesa Bibelen på sitt språk og dei ynskjer å læra Gud betre å kjenna. Eg kjem med eit kall til alle som les denne helsinga mi:

Må Gud røra ved deg til å hjelpa oss her i Tanzania. Guds Ord i Apostelgjerningane 16,9 seier: «Kom over til Makedonia (Mbulu) og hjelp oss!» Velkommen til Mbulu, og hjelp oss ved å be og med pengestøtte!

Formann i styret for ILCT Tanzania og tidlegare biskop


Skrive av: Nicolaus Nsanganzelu, omsett av Kjellfrid Eggebø