Vår kjære, gode medarbeidar, Gunvor Grødem (f. Lid) var fødd den 21. mars 1932 og døydde den 2. mai 2026 etter kort tids sjukdom. Ho vart 94 år gammal.
Gunvor og fire søsken fekk sine barneår i Kvam i Hardanger. Faren var lærar, og dei budde også andre stader i Hardanger. Som ung jente gjekk ho to år på Framnes folkehøgskule. Etter det søkte ho seg arbeid på Jæren, på ein gard. Der trefte ho Torleiv, som ho nokre år seinare gifta seg med. Heimen deira vart garden Grødem i Time. Etter kvart kom det fire born, og familien auka med mange barneborn og oldeborn. Kontakten med Frøydis Nordbustad hadde ho frå ho var lita og vidare i ungdomsåra, for desse to var syskenborn og nesten like gamle.
(Kontakten mellom Frøydis og Gunvor skal eg skriva meir om i eit anna Glytt.) Frøydis reiste til Tanzania i 1958. Ho var lærar og fekk mange oppgåver. I tre periodar opp til 1975 hadde ho og gode medarbeidarar arbeidd med iraqw-språket. Ho lærde seg dette stammespråket, laga grammatikkbok, gav dei skriftspråk, og etterkvart hadde dei omsett Det nye testamentet til iraqw. Då ho reiste heim i 1975 hadde ho manuset til NT med seg i bagasjen.
Neste utreise for Frøydis var i 1992. Då var ho 59 år gammal. Nå tok samarbeidet med Gunvor til på ny. Gunvor fekk datamaskin av mannen sin i gåve til 60-årsdagen og byrja å læra seg data. Det gjekk fort og systematisk framover, for ho skulle læra det ho hadde mest bruk for. Og flink vart ho! Ungdommane i huset var flytte ut, men dei kom ofte heim og hjelpte henne og lærde henne nye og viktige ting. Målet var å senda ut skriv med rapport frå Frøydis, og i tillegg var det bønneoppdrag, takkeemne og ein gul giroblankett for pengegåve til det nye og krevjande arbeidet til F.N. i Tanzania. Der trongst datautstyr, kontorutstyr, husvære og mange andre ting. Gunvor kalla dette bladet «NYTT om iraqw-bibelen».
Året 2004 var Det gamle testamentet omsett til iraqw, så då vart heile Bibelen sendt for trykking. Eg trur det var på Sri Lanka den vart trykt. Bibelselskapet støtta dette økonomisk. Dette året vart det vigslingsfest for iraqw-bibelen i Mbulu. Til denne festen reiste Gunvor og fem andre venner. Frøydis var kledd i den vakre hardangerbunaden, og det var Gunvor også, og fleire av dei andre var i sine bunader. Det var høgtid!
Prominente gjester frå regjeringa og biskopar og prestar frå andre distrikt møtte opp! På radionettet over heile landet vart det kringkasta om denne gledesdagen! Festen vart halden i solskin ute på plenen ved Wa/ama bibelskule. Over tusen menneske møtte fram, og dei jubla og sang, slik som er vanleg ved fest! Komen heim hadde Gunvor mykje å fortelja om; til dei i heimen, i foreininga til NLM og i bønnegruppa som ho var trufast med i. Så kom det eit nytt kall: Bibelen må ut til folket! Midt i denne bolken er me nå, slik me les om i Glytt i 2026.
Gunvor var sjuk og trøytt den siste veka ho levde. "Eg vil heim til Jesus no," var hennar siste ord. I gravferda vitna borna og kjende på ei stor takksemd; takk for ei velsigna og god mor! Fred over minnet!