«For det hender alt for dykkar skuld, så nåden kan nå til så mange fleire og verka rikeleg takk til Guds æra.»
2.Kor. 4,15
I dagane mellom Jesu oppstode og himmelfart var Jesus veldig opptatt av læresveinane og venene sine. Dei hadde opplevd så mykje av smerter, nederlag, fortviling, frykt, tvil og uro. Fokuset for Jesus var å møta dei, ja, openberra seg for dei, så dei skulle skjøna at han hadde stått opp og at han verkeleg levde! Han ville setja mot i dei og utrusta dei til oppgåvene som venta.
I dei siste kapitla til Matteus, Markus, Lukas og Johannes les me om dei ulike møta mellom Jesus og venene hans. Han hadde tid for dei, ja, han såg dei og forstod dei.
Eg tenkjer på kvinnene som gjekk til grava for å salva Jesu kropp; Peter og Johannes som sprang av stad til grava då bodskapen kom: Jesus har stått opp, han lever!
Emmausvandrarane var så oppslukte i alt som hadde hendt at dei kjende ikkje Jesus att før han var komen inn i heimen og «braut brødet» med dei. «Brann ikkje hjarta i oss då han tala til oss på vegen?» Dei såg det i ettertid.
Læresveinane var så redde at dei hadde stengt seg inne på salen. Brått stod Jesus midt mellom dei og helsa dei med: «Fred vere med dykk!» Var det noko dei trong, så var det desse orda! Der møtte Jesus òg den tvilande Tomas.
Ved Tiberiassjøen møter han læresveinane som ville av å fiska. Men dei fekk ikkje fisk. Så står Jesus på stranda og ber dei kasta garnet på høgre sida, - ein kjend situasjon frå ein annan fisketur. Resultatet var overveldande, og det var jo Jesus som stod der på stranda! Peter kasta seg i sjøen, han måtte berre få eit møte med den levande Frelsaren. Der var bål, fisk og brød, ein kjent situasjon… Dette vart eksamensdagen for Peter. Oppgjerd med nederlaga og løyst til nye oppgåver saman med den levande Jesus.
Ser du Jesus i din kvardag? Han er der. Jesus lever i dag!
Ta med deg eit lite utdrag frå Trygve Bjerkrheim sin gode song:
«Det finst ingen grunn til mismod for deg som på Kristus trur.
Når han fylgjer med på ferda, kvi då ganga trist og stur?
Han alt til det beste vender, sjølv lagnaden beisk og hard.
So ver då frimodig, du. Og lat ikkje hjarta ottast! På Gud og på Kristus tru!
Det finst ingen grunn til mismod. So syng då eit takkekvad!
Det lysnar av dag der framme. Ver hugheil, mi sjel, ver glad!»