Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Kort historie om misjonær Frøydis Nordbustad sitt arbeid i Mbulu bispedømme.

Utgave 3, 2026.


Presten Yohana D. Baha fortel, i samtale med Agnes Philipo og Nicodemu Ammi.

Lærar Frøydis Nordbustad kom til Tanzania i 1958. Den første plassen ho kom til var Dongobesh, til Finn og Astrid Espegren. På den korte tida ho var der, vart ho kjent med ei av dei første misjonærane frå SEM (Swedish Evangelical Mission), Anna Strøm.

Først begynte Frøydis å læra swahili. Men ho hadde eit ønske om å læra iraqw. Ho vart inspirert av Anna Strøm, som hadde lært ein del iraqw og hadde starta omsetjing av Frøydis i 1994 katekisma frå swahili til iraqw.

Anna budde i Dongobesh og arbeidde saman med presten Herbert Uhulin og kona hans, Ruth. Ruth døydde i Dongobesh og er gravlagd nær klinikken der. Frøydis ønskte å læra iraqw av Anna Strøm, som også hadde starta å omsetja deler av Nytestamentet. Ho var lærar på Evangelistskulen som utdanna evangelistar og klinikkarbeiderar. Yohana D. Baha var ein av elevane der.

Den første arbeidsplassen.

Den første staden Frøydis vart plassert av misjonen, var i Mbulu by. Ho var lærar på Imboru vidaregåande skule for jenter. På denne tida fortsette ho med iraqw-læring, undervist av prestane Yoram Girgis og Yohana D. Baha. Etter å ha skaffa hjelpemidlar til å plukka opp iraqw, var ho ivrig etter å reisa til landsbyane. Ho ville bu der og læra av folket ved å sjå, høyra og ta opp språket på bandopptakar.

Språklæring på landsbygda

Etter ei tids undervisning frå dei to prestane, flytta ho ut til landsbyar og budde blant iraqwfolket. I Datl/a, Mamaisara og Ufana budde Frøydis heime hos iraqwfamiliar medan ho studerte språket. Senga var ei matte på golvet. Ho jobba saman med jentene og deltok i daglege arbeidsoppgåver som å mala mais til den tjukke ugali-grauten, henta ved, bera vatn og sopa saman kumøkka. I løpet av denne tida samla Frøydis mykje munnleg kulturstoff som seinare kom med i bøkene hennar:

* «Siník nee Geeraankáy» - Ei samling gåter m. svar.
* «Múk uren mi aaín» - Kva sa dei gamle?
* «Iimu/ungw Yamaá Iraqw» - Byrjinga til iraqwfolket
* «Lách» - Eit eventyr om ein hare
* «Simboya» - Eventyret om Simboya
* «Tiitar Iraqw» - Iraqw-eventyr


Mamaisara er den landsbyen som iraqwfolket sprang ut frå til heile Mbulu-, Karatu- og Babati-området. Frøydis samanlikna talemålet her med det i Datl/a. I Ufana budde ho hos Margwe Awee. Sidan ho var kvit, fekk ho namnet /Awaakír Margwe som tyder dotter til Margwe Awee. Til denne dag er det dette namnet Frøydis er kjent under blant iraqwfolket i Mbulu.

Starten på omsetjinga av Nytestamentet.

Etter engasjement på forskjellige område, begynte Frøydis å omsetja Nytestamentet. Leiinga i kyrkja hadde nå sett at litteraturarbeidet voks så mykje at dei starta eit litteraturkontor. Ei av oppgåvene der var bladet Wayda. Desse fekk ansvar for arbeidet: Mary Bura som sekretær, Joseph Naman, Ezra B. Naman, Elkana Baso og Elihuruma Matre.

Då me for alvor begynte å tenkja på omsetjing av Nytestamentet, skjøna me at dette ikkje berre var for dei lutherske kyrkjene, men for iraqwtalande i alle kyrkjesamfunn. Me tok kontakt med biskopen i Den katolske kyrkja for å involvera han i desse planane.

Lærar Frøydis og prestane Yoram Girgis og Yohana D. Baha hadde møte med biskopen. Me trong å bli einige om ein felles skrivemåte, og det vart me. Etter denne samlinga vart Frøydis og Yohana D. Baha tilsette, og dei starta no det omfattande omsetjingsarbeidet. I omsetjingskomiteen var Den katolske kyrkja representert med to prestar. Kyrkjesamfunna Kanisa la Mungu og GFF frå Babati hadde to utsendingar kvar, og resten var lutherske. Komiteen si oppgåve var å sjekka førsteutkasta frå omsetjarane.

Då me arbeidde med første utkastet, fekk me forskjellige hjelpemiddel frå England. Me fekk også hjelp av språkkyndige frå bibelselskapa i Tanzania og Norge. Det var Bibelselskapet som hjelpte med å trykkja den første og den andre utgåva.

Når det gjaldt Det gamle testamentet gjorde me det på ein annan måte. Me delte ut avsnitt til omsetjing til vanlege folk, og så sjekka og retta dei på kontoret alt etterpå. Det Nye og Det Gamle Testamentet vart samla og me fekk ein heil Bibel, første utgåve og andre utgåve.


Skrive av: Yohana D. Baha, Agnes Philipo og Nicodemu Ammi, omsett av Kjellfrid