Takk for at de er slike gode gjevarar og for at de fortset å støtta arbeidet i Tanzania! Eg har det bra. Eg bur no på sjukeheimen i Vik og trivst her, med mykje godt folk rundt meg. Eg held meg oppdatert via telefon, WhatsApp og Komp. Familie og vener ringer av og til, og innimellom ringer eg og Nora Johanne til dei på ein slik app som gjer at eg får sjå dei.
Her skjer litt av kvart. For ei tid tilbake kom det helsing frå Åslaug Vevle. Ho sende kyrkjelydsbladet for Kvam, der ho fortel om noko av arbeidet i Tanzania og historia rundt. Det var veldig kjekt å lesa. Eg har fått med meg at Åslaug skriv bok om livet mitt, og eg ser fram til å lesa litt av det. Det blir kjekt å få gjenoppleva det eg har gjort.
Søndag 8.mars i år prata me litt med Tanzania, med Mary Bura, ei som var involvert ein del i arbeidet vårt i byrjinga. Ho blei kjent med meg den gongen eg var søndagsskulelærar i Tanzania. Eg snakka med henne på både iraqw, swahili og engelsk. Så eg fekk trena litt på dei ulike språka. Det var både kjekt og godt. Det er regntid i Tanzania no, mens her heime vårast det. Sola skin oftare.
Ja, det hender eg snakkar swahili til pleiarane på sjukeheimen òg. Nokre av dei forstår språket, mens andre blir litt forvirra.
Måndag 9. mars kom det brev med Glytt og ei helsing frå Valfrid. Det var kjekt å lesa. Onsdagane pleier det vera møte mellom Norge og Tanzania. Kjellfrid gjev beskjed til sjukeheimen, som hjelper meg å kopla til møtet. Eg likar veldig godt å vera med på desse møta.
Ettermiddagen søndag 15. mars ringde Anita Sævik og mannen i Ålesund. Dei snakka godt og lenge med meg. Dei delte òg nokre bibelord. Det var veldig godt. Av og til kjem presten i Vik på besøk og deler ei andakt og ei bøn. Det betyr utruleg mykje for meg at han gjer det og at folk ringer og deler slikt. Eg er veldig takksam til alle dykk som gjer det.
Det er òg veldig kjekt når eg får besøk av Nora Johanne. Ho pleier vera her nokre veker når ho kjem. Då brukar me kveldane i lag til å dela ord, eta frukt og snakka djupt. Ho arbeider på dagtid når ho er her. Litt etter om kreftene mine strekk til, snakkar me òg med vener og familie. Søskena og søskenbarna mine er gode til å ringa meg. Av og til kjem dei òg på besøk. Det er veldig kjekt.
Eg tenkjer dette held for no. Gler meg over at de fortset å støtta ILCT og arbeidet i Tanzania, sjølv no når eg ikkje klarar vera like aktiv. Eg gjer mitt beste for å følgja med på det som skjer, gje råd og å be for dykk.
Ynskjer dykk ein velsigna vår og håper de tek dykk tid til å bli med på Helgatun. Sjølv trur eg ikkje eg vil klara reisa dit i år. Eg treng meir hjelp no enn før. Helsar dykk med Sakarja 4,6 og eit ord eg har notert ned i eigen bibel som ei påminning når det gjeld arbeidet i Tanzania; Jes. 44,21.