Slik skriv Daniel Webster Wittle så fint i siste verset av songen «Det skal bli strømmer av nåde». Kva ynskje har me for alle i ILCT ute og heime denne hausten? Eg har eit ynskje om at Guds Ord og lovnader må få setja mot i oss og læra oss den vegen me skal gå.
I 2. Kongebok 4,1-7 møter me ei enkje etter ein av profetsveinane som ropa på Elisja i si naud. Mannen hennar var død, og no kom ein som han stod i skuld til og ville ta båe sønene hennar til trælar. Kvinna er heilt fortvila. Elisja har to spørsmål til henne: «Kva kan eg gjera for deg? Sei meg kva du har i huset ditt?»
Det einaste kvinna hadde i huset var ei lita krukke med olje. Dette vart redninga. Oppgåva hennar vart å gå ut til alle naboane sine og låna heim tome kar, så mange ho kunne få tak i, stenga att døra, ta sønene med seg og tøma olje i kara. Så skjedde underet, alle kara vart fulle. Då det ikkje var fleire kar att, slutta olja å renna!
Ho tok på ny kontakt med Elisja og fortalde kva som hadde hendt. Han sa: «Gå av stad og sel oljen og betal skulda di. Så kan du og sønene dine leva av det som er att.»
Har me tome kar som den Heilage Ande kan fylla opp hos oss? Eller er kara våre fulle av mange andre ting? Kva vil me fylla kara våre med denne hausten? Andens oppgåve er å visa oss Jesu fullkomne frelsarverk, at vi har bruk for Jesus i kvardagen og kan kvila i nåden. Skulda vår er jo betalt! Sjå så lenge på Jesus at lovsongen og takken fyller oss. Anden har ulike nådegåver til oss alle.
Paulus skriv om lekamen med dei ulike oppgåvene lemene har. Gløym ikkje at alle lemene er like viktige. Øyra kan ikkje erstatta auga, foten kan ikkje gjera armen sine oppgåver. Her er bøneoppgåver, praktiske tenester, å gi av pengane våre, visa omtanke og kjærleik, vera samtalepartnar. Nokre er lærarar, andre evangelistar, alle kan me vera nådebringarar. Så skal me få takka for Andens gjerning mellom oss, takka for dei gåvene me har fått og bruka dei med frimod. «Det skal bli strømmer av nåde, dette er løftet fra Gud. Får Jesus iblant oss kun råde, strømmer velsignelsen ut.»
Vil du òg vera med? Me treng kvarandre!
KOM TIL KILDEN
Må Gud få velsigna arbeidet i ILCT ute og heime!
Bilete: grorykkelid.no