Kjære spesielle gjest, prestar, ILCT-kontoret, evangelistar, eldste i kyrkja, statstilsette, alle avgangselevar, kvinner og menn: Lova være Herren Jesus Kristus!
Me ynskjer dykk hjarteleg velkomne til avslutningsfesten for det andre leseopplæringskurset og til å feira resultata saman med oss, men òg til å få høyra om utfordringar som me erfarer.
Fyrst og fremst vil me bringa takk til Gud som har latt oss oppleva denne dagen. Samtidig takkar me ILCT-leiinga i Norge, bispekontoret til Den lutherske kyrkja i Mbulu, leiarane i ILCT og lærarane, for visjonen om å starta og fremma opplæring for dei som ikkje kan lesa og skriva, og å koma heilt til oss i Mewadan kyrkjelyd.
Undervisningsopplegget for vaksne i Mewadan starta 1. juli 2024 med 34 elevar på første kurs, 10 menn og 14 kvinner. Kurs nr. 2 starta 1. juni 2025 med 48 elevar, 20 menn og 28 kvinner. Av ulike årsaker har flokken minka undervegs, slik at det er 27 som avsluttar i dag; 5 menn og 22 kvinner.
Ei ekstra velsigning i vaksenopplæringa, der me lærer å lesa swahili og iraqw, er å få hjelp til å lesa Bibelen på desse språka. At me har fått eit slikt undervisningsopplegg i Mewadan har gjort dei i KKKT Sinai misunnelege. Nå planlegg dei kurs viss det er 26 som melder seg på, for å læra å lesa og skriva dette året.
Kjære gjest! Me takkar så mykje for at du kom og håpar du vil fortsetja å be for oss og dette undervisningsprogrammet, slik at det blir styrka og når ut til så mange som mogleg.
Hjarteleg takk for at du tok deg tid til å koma og vera saman med oss trass i alle dei andre oppgåvene du har.
Helsing oss elevar som avsluttar vaksenopplæringsklassen.
Opplese av Olsen Ilibariki, avgangselev.