Årets langtur gjekk frå Oslo i aust til Bergen i vest.
Me var tre generasjonar Enes som la ut på vandring vestover; meg sjølv Åse, son min Eivind og det spreke barnebarnet mitt, Rakel, som vart 13 år undervegs.
Me starta opp ved Aker Brygge i Oslo tidleg om morgonen 24. juni og hadde Bryggen i Bergen som mål etter tre-fire veker.
Me fekk oppleva mykje flott natur undervegs. På austlandet passerte me store kornåkrar og jordbæråkrar som allereie var fulle av modne jordbær. Me gjekk stiar i skogsterreng med mykje vegetasjon, over bekkar, forbi tjern og småvatn. Her var det rikeleg varmt, og insekta sette pris på dei sveitte vestlendingane på vandring. Den gleda var ikkje gjensidig, og me ville heller hatt pausar utan alle desse småkrypa rundt oss.
Over Hardangervidda bles det godt, så der slapp me å tenkja på fluger, mygg og knott. På austvidda er det lange strekningar, ganske flatt og lett å gå. Vestover vidda blir landskapet meir kupert. Me såg ikkje eit einaste reinsdyr, men passerte fuglereir på to av bruene me gjekk over. Diverre var dei forlatt, så det vart nok ikkje klekt ut fugleungar av dei egga i sommar.
Den finaste delen av turen var nedover Husadalen, langs fossefalla i Kinso, på veg til Kinsarvik. Her gjekk me på sjølvaste 60-årsdagen min, og me feira med familien som kom til møtes med oss.
Hardangerfjorden vart kryssa med ferje. Og så fekk me kjenna på ekte vestlandsnatur med bratte opp- og nedstigningar den siste veka før me var framme. Vilt, vakkert og varmt var det på vestlandet desse dagane.
Men me kom oss over Kvamskogen, Gullfjellet og Ulriken, og enda opp på Bryggen i Bergen etter 22 dagar på tur.
På turen samla eg inn pengar til ILCT via spleis.no. Spleisen var open i to månader, og i skrivande stund har den passert 25 000. Tusen takk til alle som har vore med å gje si støtte til Iraqw-folket i Tanzania. Dei som ikkje fekk vore med på spleisen, kan gje si støtte til ILCT via vipps 504817 eller på konto 6005 07 21585. Tusen takk for alle gode gåver!