I.L.C.T. hadde si årlege samling på Helgatun 12.-14. juni. Vi var 20 personar, dei aller fleste tidlegare deltakarar. Denne gongen mangla vi for første gong Frøydis. Ho hadde vel gitt oss eit forvarsel, for i siste nummer av Glytt kom ei helsing frå henne der ho m.a. skreiv at ho ikkje vart med oss denne gongen.
I oktober blir ho 93 år, og helsa er skrantande. Nokre tok seg tid til å besøkja henne i forkant av samlinga, andre etter avslutning søndag.
Denne helga var baptistpastor og skribent Ulf Magne Løvdal med for å halda bibeltimar. Ut frå 1.Kor.1 spurde Løvdal: «Kven valde Gud ut?»
Det var ikkje dei av høg ætt eller med eit namn, men det var det som var veikt, forakta av verda. Gud ser til hjarto, menneska ser til det ytre.
Abraham var barnlaus, Moses kunne ikkje tala. Det ser umogleg ut.
Men Gud heldt sine lovnader. Slik òg for Frøydis; ho hadde lita utdanning, men ho hadde fått eit kall. Løvdal minna òg om Sak.4,6: «Ikkje ved makt, ikkje ved kraft, men ved din Ande, seier Herren.» Dette er eit av kallsorda til Frøydis.
Margaret Hetland og Kjellfrid Eggebø fortalde kort frå tida i Mbulu. Inger Lise Tepstad fortalde at ho, etter eit opphald på Wycliffe, reiste til Øvre Årdal og var forsøksperson for Frøydis, for å sjå kor mykje iraqw ho kunne læra.
Inger Lise rapporterte frå Tanzania. Diverre har dei fått for få midlar til å gjennomføra så mange lesekurs som det eigentleg er behov for. Spørsmålet er om kvar enkelt kan gjera noko her. Det er ei bøneoppgåve!
Stein Oltedal, sokneprest i Vik, delte litt om kontakten med Frøydis på sjukeheimen. Å bli gammal er ein del av livet, sa han. Han påpeika innhaldet i den aronittiske velsigninga frå 4.Mos.6,24-26.
Faste innslag er diktlesing av Torunn Holmedal. Ho gjev av sitt rikhaldige utval.
Åslaug Vevle har skrive eit utkast til bok om Frøydis og livet hennar. Ho las frå manuset og fortalde også ein del.
Den eldste deltakaren, Jorunn Fosse (94), sa i eit engasjert innlegg at stafettpinnen måtte gjevast vidare. Ho var venninne med Gunvor Grødem, som døydde i vår, og er no den einaste attlevande av foreininga dei dreiv i lag. Jorunn hadde vorte rikt velsigna av dei to turane ho tok til Tanzania.
Forutan dei 4 bibeltimane var det også song til gitar av Ulf Magne Løvdal. Bønemøta vart haldne før bibeltimane.
Bilette 1. Ulf Magne Løvdal
Bilette 2. Jorunn Fosse
Bilette 3. Topp karakter til matserveringa på Helgatun!