Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

VED KONGENS BORD

Utgave 5, 2026.


Har du lese forteljinga om Judakongen Jojakin som vart bortførd til Babylonia og sat 37 år i fangenskap? (2 Kong 25, 27-30) Vanskeleg heilt å setja seg inn i situasjonen, men synest eg ser denne kongen for meg.

Det vart mange dagar og mange år i fengselet, innestengd med tunge tankar. Fangekleda var slitne, mannen er mager etter lang tid med dårleg kost.

Men så hende det store og uventa ein dag: Jojakin fekk koma ut or fengselet, fekk byta fangedrakta med fine klede som høvde i kongens sal! Han fekk koma til kongens bord der det bogna av dei beste rettar. Han kom i fint selskap med andre kongar og fekk ein ærefull plass. Ikkje berre ein gong, men til kvart måltid resten av livet! Og alt han elles hadde bruk for fekk han av kongen.

Det står så fint i v. 29-30: «Jojakin fekk leggja av fangebunaden, og sidan gjekk han støtt til kongens bord, så lenge han levde.

Det han trong til livsopphald fekk han jamleg frå kongen KVAR DAG SÅ LENGE HAN LEVDE.» Vi skal òg få koma til kongens bord. Vår tilsulka drakt får vi byta med «frelsesklede». Vi blir «rein og rettferdig, himmelen verdig» gjennom det Jesus har gjort. Den kongelege maten vi får er Guds ord.
«Du dukar bord for meg…» Sal. 23

Guds omsorg for oss varer livet ut, DAG FOR DAG.


Skrive av: Oddbjørg Nordbustad Arnø