Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Oktober-helsing til Glytt

Utgave 5, 2026.


De kjære, eg helsar dykk i Jesu Kristi namn! Eg håpar det er bra med dykk alle!

Me i Mbulu ILCT har det bra, og me takkar Gud som vernar oss dag etter dag.

Når det gjeld barnehagen gjer lærarane ein god jobb med dagleg undervisning, song og leik. Dei deler på oppgåvene, og det beste av alt er at dei gler seg over arbeidet.

Undervisning av lærarane som driv med leseopplæring går greitt, og det går bra med alle klassane. Nokre er ferdig avslutta og nye er opna på dei same stadene. Alle som fekk vitnemål har fått biblar, og dei viser stor glede over å kunna lesa Ordet sjølv på sitt eige språk. Me har blitt tatt imot med stor glede på alle dei stadene me har hatt avslutningsfest og utdeling av vitnemål. Samarbeidet med prestar, evangelistar, eldste og leiarar frå staten har vore godt. Alle desse seier at arbeidet vårt er positivt for iraqw-samfunnet. Dei ber oss fortsetja, slik at dei som ikkje fekk opplæring då dei var barn, kan få det nå. Ved kursavslutning opplever me mykje kjekt. Elevane syng songar for å takka /Awaaki (Frøydis) og andre leiarar i Norge, særleg dei i styret.

Ein ungdom frå den katolske radiostasjonen vart med meg til klassen i Mamagii. Han rapporterte om alt som føregjekk på avslutningsfesten. Det var 38 som fekk vitnemål den dagen. Han sette pris på songane deira med bevegelsar, prolog og opplesing frå lærebøkene deira framfor ein fullsett sal. Sjølv kom han frå Tabora og hadde praksis på den katolske radiostasjonen i Mbulu. Nyheiter som han formidla frå Manyara-distriktet nådde ut til heile Tanzania slik at alle kunne høyra om ILCT. Han fekk god tid til å intervjua elevar, og han spurde ei mor om kva utbytte ho hadde fått ved å delta på denne undervisninga. Ho svara at ho nå kunne hjelpa barna sine og mannen sin med å lesa Guds Ord og be. Ein mann svara at han tidlegare ikkje kunne lesa og heller ikkje forstå swahili (nasjonalspråket), men: «Etter å ha fått undervisning av desse lærarane forstår eg swahili, les sjølv og kan hjelpa andre, og då særleg familien min». Han la til eit ønske om at denne undervisninga måtte bli til hjelp for mange. Han ville også gjerne hatt briller til hjelp når han les Bibelen.

Sjølv takkar eg Gud for dette arbeidet, fordi eg ser at mange som fekk biblar, har stor glede av å lesa Guds Ord. Dessutan har mange av dei yngre blitt oppmuntra til å læra seg praktisk arbeid. Frå Haydom-distriktet har eg fått mange tilbakemeldingar frå leiarane om denne utviklinga. Fleire prestar og evangelistar seier at samfunnet og kyrkjelyden har fått utbytte av vaksenopplæringa. Ein evangelist frå ein utstasjon til Haydom fortalde at dei på gudstenesta las teksten frå salmane på iraqw, den delen som er veksellesing med leiaren. Han sa: «Når så mange har fått biblar, så la oss bruka godt denne rikdommen me har fått frå vår mor Frøydis.» Me takkar alle som strevar med å samla inn pengar til dette arbeidet i Guds rike. Gud skal verna dykk og velsigna dykk alle dagar i livet dykkar. Hjarteleg takk!


Skrive av: Agnes Philipo, omsett av Kjellfrid Eggebø