Ekteparet Rydland, vener av Kari Ljønes Valland og underteikna, hadde fått høyra mykje om Frøydis Nordbustad. Saman bestemte vi oss for å ta ein dagstur til Tysnes med det målet å finna staden og huset der Frøydis vaks opp.
Det tek godt og vel to timar å køyra frå Norheimsund til Nordbustad, viste det seg. Kupert skogsterreng prega landskapet då vi nærma oss. Ein otorsyklist, som hadde stoppa ved eit hus i grenda og stod i samtale med to damer, kunne informera oss om at det var nett dette huset vi leitte etter! Mannen viste seg å vera tidlegare eigar, og damene, søstrer frå Fosen, var dei som eigde huset no. Det såg flunkande nytt ut. "De anar ikkje kor fint det er innvendig," sa mannen og gav ypparleg attest til dei to smilande trønderdamene.
Mannen på motorsykkelen hadde ått huset ei stund i lag med ein kamerat. Dei hadde grovrenovert det og lagt det ut på FINN. Meir fekk vi ikkje vita på ei så kort stund. Men no veit vi litt om traktene der Frøydis trødde sine barnesko. Ein kjekk dag!
Ingmar Lid, Frøydis sitt søskenbarn, seier at det er slik han hugsar garden frå han var smågut på slutten av 1930-talet, før utskiftinga. Saman med foreldra
sine reiste han på besøk til Nordbustad kvar sommar. «Alt ser annleis ut no enn den gongen,» seier han.
Huset, som ein gong var Frøydis sin barndomsheim, ligg tett attmed vegen og er det andre av fleire hus bortetter langs Nordbustadvatnet.
I staden for å ta i mot dei 400 kronene vi ville betala for turen, ville sjåføren og kona hans at dei skulle gå til I.L.C.T.